Knivskjelodden , Knivskjerodden, *Knivskarodden

Artikkelen har stått i Namn og nemne 19, 2002, s. 73-76

Samandrag til html-versjonen: Artikkelen presenterer ei tolking av namnet på det nørdste punktet i Noreg, Knivskjelodden 4 km vest for Nordkapp. Det finst ei parallell namneform Knivskjerodden. Det samiske namnet er Kniskárnjárga (njárga er 'nes'). Fordi samisk normalt ikkje har dobbel konsonant i framlyd, er namnet truleg lånt frå norsk - elles skulle det heitt *Niskárnjárga. På grunnlag av det meiner forfattaren det norske namnet opphavleg var *Knivskarodden og at det viser til det djupe, markerte skaret ved rota av odden - *Knivskaret, i dag berre Skaret. Pga. "inneklemd", trykklett stilling ville a-en i *Knivskarodden lett bli svekt til e, slik at forma Knivskjerodden kunne oppstå. Men sidan det ikkje er noko skjer ved odden, er den forma meiningslaus, og kunne derfor lett bli omtolka til Knivskjelodden, som i dag er den mest kjende forma av namnet.

Pdf av artikkelen her.

Til hovudsida



Eldar Heide

Postdoktor
Senter for mellomalderstudiar (CMS)
Universitetet i Bergen
Postboks 7805
N-5020 Bergen
Besøksadresse: Villaveien 1a
Tlf. (+ 47) 55 58 80 86
E-post: eldar.heide(A)cms.uib.no


Oppretta 20.06.2006.
Sist oppdatert 25.11.2008 av E.H.
Kommentarar til denne sida.